Bestilling
Skogstad Dyrehotell, Skogstad, 6800 Førde tlf 48 00 75 64 eller e-post: soander2@online.no
For at vi kan gjere ein best mogleg jobb med dyra her, så er vi heilt avhengig av at avtalar for henting og levering vert halde utifrå avtalt tid. Send helst ein sms før de kjem slik at vi er i tunet.
RUTINAR HUNDEAVDELING:
Våre hunde-gjester vert lufta minst 3 gongar for dagen, vi går då tur med band/sele. Sosiale hundar som går godt saman med andre vert gjerne lufta samtidig (etter avtale med eigarar). Vi luftar kvar hund utifrå behov, og alle som kan får vere med på tur i Skogstadmarka.
Vi ser at eindel hundar får av seg litt stress om dei vert "trøtta" ut litt. Første lufting er frå klokka sju om morgongen. Neste lufting og event. langtur er frå kl 14 og utover.
Vi har luftegardar som vert nytta i tillegg til tur i band/ sele.
Kveldstur og siste lufting skjer rundt kl 21. Vi praktiserer ro i bygget etter kl 22. Vi ser at hundane har "rytmen vår" ganske fort inne, og slår seg fortare til ro når alle vert lufta og fòra samtidig.
Fòring ta gjerne med eige fòr og vi praktiserer same fòringsrutine som de ellers ville gjort heime. Vi sel våtfòr frå VOMoghundemat om de ynskjer å nytte fòret vårt, sjå link til hjemmeside under "hundefòr".
Vaksinekrav på hund og katt
Vaksinasjonsattest for hund (Parvovaksine), ikkje eldre enn 2 år. Ta med vaksinasjonskort. Du må fylle ut registreringsskjema når du sjekkar inn kjæledyret.
Dersom det er mistanke om at kjæledyret er sjukt ved ankomst vert dyrlege kontakta som fastset vidare behandling. Kostnadane med denne undersøkinga, samt behandling, vert pålagt dyreeigar.
Vi kan heller ikkje ta ansvar for skade som oppstår under opphaldet, ormebitt o.l. Men vi vil kontakte veterinær i samråd med husdyrets eigar. Dyreforsikring kan teiknast hos AGRIA
Spørsmål om vaksine kan rettast til Veterinærkontoret- Førde: tlf 57826000
|