PRISAR 2010:
Katt:
Døgnpris: katt kr 100,- Katten disponerer eige bur med kontakt til andre kattar i same rom. Denne avdelinga er tilpassa katt med klorebrett, varmekablar i golv, duse fargar og møblar. Romma er lyse og fine og katten får gjerne sitte i vinduskarmen!
Ta med eige fòr og vaksinasjonskort, pledd, korg, el andre ting katten "kjenner" att.
Hund:
Døgnpris hund kr. 250,- . Frå veke 2: kr 200,- pr døgn.
Hund nr. 2 frå same eigar: 180,- frå 1. dag. Ta med pledd/ korg eller bur til hunden.
Opphald utover 2 veker vert avtalt særskilt.
Kostnadane dekkjer: reinhald, innleigd arbeishjelp, lufting av hund/ turar åleine eller saman med andre hundar. Alle prisar er inklusive moms.
Vi har ei maks grense på 9 hundar og 7 kattar på samme tid. Dette er nødvendig for å oppretthalde ein viss ro og kvalitet over tilbodet. Alle hundar vert vurdert særskilt og lufta utifrå behov.
Vi har pr. i dag same pris på alle hundar som er hos oss uansett "lyte", det vil seie hundar som trekker og rykker i band/ er tunge å gå tur med, størrelse, støy, usosial adferd o.l.
Men vi set pris på å få vite mest mogleg om hunden din før den kjem! Sjå under bestilling kva tilbod vi har for hund.
WEEKEND-HUND kr 750,- WEEKEND-KATT kr 350,- , gjeld levering av kjæledyret etter kl. 1600 fredag ettermiddag, og fri henting søndag fram til 2100.
PASS AV HUND FOR EITT DØGN KR. 400,-
Dagpass hund kr.200,- Transport/henting av dyr i Førde området kr. 200,-

Snøbreen på Sandfjellet (1251m)Juli 05. Martine Vonen Kvaal, Synnøve Vonen Kvaal, Monica Andersen, Betty og Linda Svidal. Foto: Anne Sølvi Vonen
|